Siste oppdatering

Postlister og innsyn

Journalistar og andre som er interesserte kan søkje innsyn i dokument frå Kartverket.

Innsyn i postjournalen

Postjournalen til Kartverket er ein del av ein felles offentleg elektronisk postjournal, eInnsyn. Der kan du søkje i saksdokument som blir registrert i Kartverket og bestille det du ønskjer innsyn i.

Gå til eInnsyn

For å finne Kartverkets dokument, må du velje "Filtrer i statlege verksemder" og "Statens kartverk". 

I postjournalen finn du alle ugraderte dokument som er journalførte. Dokument som er gradert etter tryggingslova og beskyttelsesinstruksen, ligg ikkje i den offentlege journalen.

Innsyn i panteboka

Tinglyste dokumentet blir lagt i panteboka hjå Kartverket. Etter forskrift om gebyr for tinglysing mv. § 5 tredje ledd skal det betalast eit gebyr ved utlevering av desse dokumenta.

Bestill kopi av tinglyste dokument

Innsyn i tinglysingsregisteret

Dokument som kjem inn til Kartverket for tinglysing, blir ført i eigen journal i tinglysingsregisteret.

Journal for tinglysingsregisteret

Dokumenta som kjem inn, blir sende attende til innsendar etter tinglysing. Vi vil difor i mange tilfelle ikkje ha det brevet som er journalført. Men i journalen vil du uansett kunne sjå kva for saker tinglysinga har mottatt.

Innsyn i stadnamnsaker

Gjennom eInnsyn kan du også søkje innsyn i saker som gjeld stadnamn. Les meir om innsyn i stadnamnsaker.

Del