Geovekstprosjekt

Godt vær i april og mai gjorde det mogleg å flyfotografere store områder før lauvsprett (lite lauv på trea gir gode bilete for kartkonstruksjon med godt innsyn til bakken), og etter kvart som snøen smelta i fjellet vart høgtliggande flystriper ferdig fotografert i løpet av juli månad. Dermed er all datafangst i våre fire geovekstprosjekt i 2019 fullført. Midlertidige ortofoto i to prosjekt er tilgjengeleg på norgeibilder.no, og resten er på vei. Kartleggingsfirma arbeider no med å produsere kartdata som skal leverast til fylkeskartkontoret for kontroll før data vert distribuert til partane. Deretter leverer firma den ferdige ortofotoleveransen (bakkeoppløysing 10 cm), som vert kontrollert og lagt ut på norgeibilder.no. Sjå oversikt på våre nettsider for status i prosjekta. 

 

MIDLERTIDIGE ORTOFOTO: Så langt er det publisert midlertidige ortofoto i to av dei fire geovekstprosjekta som er starta i 2019. (Ill: Kartverket Bergen)

Omløpsfotografering

I dei gode vêrvindauga i sommar og haust vart det også gjennomført omløpsfotografering i store områder i Hordaland og Sogn og Fjordane. Omløpsfoto er kommunedekkande flyfotografering som gir grunnlag for produksjon av ortofoto (bakkeoppløysing 25 cm), konstruksjon av FKB-C kartgrunnlag, og matching av høgdegrunnlag i fjellområder (inngår som ein del av nasjonal detaljert høgdemodell). Ortofoto vil etter planen verte tilgjengelege på norgeibilder.no i løpet av mars 2020.

Nasjonal detaljert høgdemodell (NDH)

I det fine vårvêret vart 5 punkts oppgraderingsområder i Hyllestad og Fjaler ferdig skanna, og med det er alle våre 5 punkts oppgraderingsområder i Hordaland og Sogn og Fjordane fullført, det er no berre vanleg 2 punkts skanning som står att. NDH har skanna gjennom sommaren, og i det gode været i september og starten av oktober så skanna NDH store snøfrie fjellområder i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dermed er vi på god veg mot ein heildekkande god høgdemodell slik vi kan sjå på statusoversikta til nasjonal detaljert høgdemodell. Laserdata frå NDH vert fortløpande tilgjengelege på hoydedata.no.

Sjømåling

Kartverkets sjødivisjon måler med multistråle ekkolodd som gir svært detaljerte djupnedata som vert brukt til produksjon av sjøkart, og som også opnar for andre bruksområder, mellom anna utarbeiding av marine grunnkart. Det er bra dekning med multistråledata i Hordaland og Sogn og Fjordane, og sjødivisjonen måler behovsbasert for å betre denne dekninga. Det vert arbeida med ei ny kartløysing "dybdedata.no" som vil gi oversikt over tilgjengelege djupnedata i Noreg.