Noreg digitalt i Vestland fylke

Vestland fylke har krevjande terreng og røft klima. Ekstremvér kjem stadig oftare, og halvparten av alle skred i Noreg går i fylket vårt. Saman med utfordrande infrastruktur med store avstandar, lang kystlinje og mange bruer og tunnelar, set dette store krav til gode geodata. Noreg digitalt-samarbeidet i Vestland fylke jobbar for å bygge ein geografisk infrastruktur som kan støtte arealforvaltning og beredskap i regionen.

Satsingsområde

Fylkesgeodatautvalet i Vestland fylke vil ha følgjande satsingsområde i planperioden:

  • Fortsetje overgang til Sentral felles kartdatabase (SFKB), som gir alle brukarane tilgang til ferske og kvalitetssikra data. Etter kommunereforma 1.1.2020 er målet å få alle kommunane i Vestland fylke over på SFKB
  • Vidareføre arbeidet med Nasjonal Detaljert Høgdemodell (NDH). Målet med prosjektet er å lage ein ny, svært detaljert høgdemodell av Noreg. Oppdaterte høgdedata er særs viktige i arbeidet med klimatilpassing, beredskap og planarbeid. NDH-data skal mellom anna brukast til å berekne flaumsoner og skredfare. Etter kvart som dei er klare blir dataa lagt ut på http://www.hoydedata.no
  • Syte for oppdaterte kart- og registerdata, som kan gje betre grunnlag for vurdering og planlegging av tiltak i ein naudsituasjon. Desse er viktige med omsyn til tryggleik og førebygging av t.d. ras og flaum
  • Fortsetje etablering og forbetring av basisdata ut frå partane sine behov ved samfinansiering av felles datagrunnlag
  • Avtalefesta, forpliktande vedlikehald og periodisk ajourføring av datagrunnlaget skal gjennomførast
  • Følgje opp den pågåande plansatsinga
  • Auke aktiviteten innan temadata med fokus på lokale DOK-data, mellom anna Tur- og friluftsruter
  • Vegadresser er komen langt i heile Vestland fylke. Ferdigstilling i resten av kommunane må prioriterast, med tanke på å sikre liv, helse og eigedom, og dertil bidra til samfunnsøkonomisk vinst
  • Kommune- og regionreforma trer i kraft 1.1.2020, samtidig som Geodataplanen rullerast. Våre to fylke vert eitt, og det vert samstundes 9 nye kommunar. Éin kommune (Hornindal) forsvinn ut av fylket til Møre og Romsdal. Det kan komme arbeidsoppgåver i etterkant av reforma, og i løpet av Geodataplanen si 4-årige rulleringstid er det også mogeleg at fleire kommunar vil slå seg saman

Geodataplanen

Geodataplanen er ein plan for Noreg digitalt-samarbeidet i dei enkelte fylka. Han omhandlar det dei lokale partane samarbeider om eller planlegg å samarbeide om i sin region. Arbeid som dei enkelte partane har ansvar for, men som ikkje er omfatta av samarbeidet, er ikkje ein del av denne geodataplanen.

Planen har av to delar:

  1. Eit fellesdokument som er likt i alle fylka i landet. Dette dokumentet inneheld generell informasjon og overordna føringar for det lokale geodatasamarbeidet i Noreg digitalt. Her er det ei kort innføring i korleis Noreg digitalt-samarbeidet er organisert og kva som er dei viktigaste rammevilkåra for samarbeidet lokalt. Dette dokumentet skal vere likt for alle fylke og ikkje endrast lokalt.
  2. Ein fylkesgeodataplan som er utarbeidd spesielt for eit fylke eller ein region. Fylkesgeodataplanen handlar om dei aktivitetane det blir samarbeidd om lokalt.

I tillegg er det utarbeida ein handlingsplan (xlsx) som samstiller alle tiltaka for kvart enkelt prosjekt.

Relaterte dokument