Adressering

Det er kommunane som skal fastsetje offisielle adresser til eigedommar i Norge, og Kartverket hjelper kommunane med arbeidet. Adresser og skilt skal sørgje for at alle på ein lett og forståeleg måte kan finne fram til bygningar, bustader og andre aktuelle adresser.

For å kunne finne fram raskt i ein naudsituasjon, kan vegadresser vere avgjerande for å berge liv, helse, miljø og økonomiske verdiar.

Status for vegadresser i Hordaland og Sogn og Fjordane

Hordaland per august 2019

I Hordaland er alle kommunane godt i gang med, eller ferdig med adressering. Fylket har no 97,30% vegadresser.

Sogn og Fjordane per august 2019

Det har vore ein solid framgang i Sogn og Fjordane dei siste åra, og andelen vegadresser er no oppe i 85,74%. Hittil i år har det vært størst økning i andel vegadresser i kommunene Stryn, Naustdal, Førde og Sogndal.

Kontaktinformasjon

Kontaktperson ved Kartverket Bergen: britt.anne.bergfjord @ kartverket.no.