Svenskegrensa og finskegrensa

I sør byrjar riksgrensa mellom Noreg og Sverige i riksrøys I. Her støyter grensa mot den avtalte avgrensingslina i Iddefjorden. Grensa på landjorda mellom Noreg og Sverige er om lag 1630 km lang, og med det blant dei lengste i Europa. Treriksrøysa Golddajávri markerer grensepunktet mellom Noreg, Sverige og Finland. Grensa mellom Noreg og Finland er ca. 736 km lang.

Vedlikehald av riksgrense

Ansvaret for riksgrensene ligg under rettsavdelinga i Utanriksdepartementet. Kartverket har fagkompetanse og er delegert styresmakt til å leie den praktiske skjøtselen på riksgrensene mot Finland og Sverige gjennom årlege løyvingar. Skjøtsel av riksgrensa består i å halde grensemerke ved like og grensegata open for vegetasjon. Riksgrensene er ansvaret til begge tilgrensande nasjonar, og kostnadane med vedlikehald vert delt likt mellom landa ved at kvar nasjon har sine avsnitt. Desse avsnitta er jambyrdige, og ein vekslar på dei mellom grenseoppgangane kvart 25. år.

For svenskegrensa har Noreg no ansvar for den sørlegaste delen frå Riksrøys185B (ved fylkesvei 765 ved innsjøen Rengen i Lierne) og sørover. Finskegrensa har eit avsnitt aust for Tanaelva frå Riksrøys 343 til Krokfjell og eit vest for Tanaelva, og det er det vestre Noreg no har ansvar for.

Russergrensa

Treriksrøysa Krokfjellet/Muotkevarri ligg på grensepunktet mellom Noreg, Finland og Russland. I nord endar riksgrensa mellom Noreg og Russland i grensemerke nr. 396, som er ei sjøbøye ved munninga til Jakobselva, og grensa held fram som avtalt avgrensingsline i Varangerfjorden. Grensa på land mellom Noreg og Russland er 197,7 km lang.

Grensa mot Russland har ei særstilling, i og med at ho er underlagt eit eige grensekommissariat som ligg i Kirkenes. Noregs grensekommissær for den norsk-russiske grensa handhevar dei gjeldande grenseavtalane, og høyrer organisatorisk til Politidirektoratet. Kartverket er fagstyresmakt når det gjeld posisjonane til grensemerka, og blir konsultert etter behov.

Rydding av riksgrensegate

Området like inntil sjølve riksgrensa kallast "riksgrensegate". Mot Sverige og Finland er breidda til ”gata” 5 meter, det vil seie 2,5 meter på kvar side av grenselina. Mot Russland er breidda sett til 8 meter. All vegetasjon som er og kan vekse over 0,5 meter i høgde, skal ryddast slik at det er fri sikt langsmed riksgrensa. Breidda er knytt til sjølve lysopninga mellom tregreinene. Når det blir rydda, skal ein òg ta vekk tre som vil komme til å vekse inn i gata dei næraste 15 åra.

Privat eigedom strekkjer seg heilt inn til riksgrensa, men staten har heimel til rydding i grensegata. Det er sterkt tilrådd å ikkje etablere nye grensemerke i grensegata. Praksis bør vere at merka blir sett ned i eigedomsgrensa i god avstand (5 meter eller meir) frå riksgrensa. Retninga mellom dei to næraste merka på eigedomsgrensene nyttast til å rekne ut eit skjeringspunkt med riksgrensa. Det er òg forbode å setje opp andre innretningar i grensegata utan spesielt løyve.

Grenser i havet

I havet grensar Kongedømet Noreg, som består av Fastlands-Noreg, Svalbard og Jan Mayen, mot følgjande land opplista sørfrå og nordover: Sverige, Danmark, Storbritannia (England, Skottland, Shetland), Færøyane, Island, Grønland og Russland. Færøyane og Grønland er under dansk jurisdiksjon som deler av Kongedømet Danmark.