I ei årrekkje blei kart som ein trong i meir enn eitt eksemplar, produserte ved avteikning, milekarta i målestokk 1 : 10 000, porteføljekarta og generalkarta i mindre målestokkar. Litografi, koparstikk, algrafi, glas og polyester tok etter kvart over som reproduksjonsmetodar.

Koparstikk og radering

Dei første av karta til Noregs geografiske oppmåling som blei trykte, var serien «Speciel Kaart over en Deel af Den Norske Kyst» som blei utgjeven i perioden 1791–1803. Serien blei reprodusert som koparstikk ved Det Kongelige Søe-Kaarte Archiv i København og trykt der, og danskane stod også som utgjevar.

Ved koparstikking eller kopargravyre bruker ein ei 2–3 millimeter tjukk hamra eller valsa koparplate som trykkform. Metoden er svært gammal. Dei eldste kopartrykka ein kjenner, er frå midten av 1400-talet.

Den første kopartrykkpressa til oppmålinga blei tatt i bruk i 1855, og kopargravyre av kontur, kultur og skrift, og radering av terreng var einerådande frå ca. 1860. Det siste landkartet som blei reprodusert ved tradisjonell handgravyre; koparstikk og radering, var amtskartet Nordre Trondhjems Amt, blad I, som blei utgjeve i 1917.

Bord med utstyr til kobbergravyreBildet av en kobberstikker i arbeid

Litografi

Dei første norske karta som er litograferte «tegnet paa Stæn og udgivet», kom i 1821. Ei litografisk handpresse kom på plass i Oppmålingen i 1834. Viktig for den litografiske trykkinga var at ein frå 1897 etter kvart gjekk over frå stein til aluminium (algrafi).

litografisk stenArbeidsbord med utstyr til algrafi

Via glas til plast

Alt frå 1929 blei det gjort forsøk med sjiktgravyre på glas, men heilt fram til etter den andre verdskrigen var koparstikk og aluminium framleis dominerande i kartframstillinga i Oppmålingen. Tidleg på 1950-talet innsåg ein fordelen i å bruke plast – polyesterfolien – i staden for koparplata som reproduksjonsoriginal.

Kartgrafikker som graverer i plastfoliet

«Computer to film»

Ved «Computer to film» (CTF) blir dei digitale filene plotta på fotografisk film. Desse filmane blir så brukte til å lage trykkplater på same måte som kontaktkopiering av fotografi i mørkerom. Frå 1988 er reproduksjonssystemet Scitex i funksjon. Neste blei Barco filmplottar frå 1995.

«Computer to plate»

Ved «Computer to plate» (CTP) blir dei digitale filene plotta direkte på trykkplatene.

Bilder av et ctp (computer to plate)anlegg