Kart er ikkje berre ei avbilding av terrenget. Det er også kunst, og mange av dei gamle karta er rikt dekorerte og illustrerte.

Kartusj

Ein kartusj er eit dekorativt element som rammar inn tittel, initialar, monogram eller annan informasjon om kartet.

Kartusjar blei brukte i Egypt i oldtida og fekk ei ny oppblomstring under renessansen og barokken. Innanfor kartografi blei det svært vanleg å bruke kartusjar frå ca. år 1600. Stilen spegla moten i tida, frå symmetrisk i forma i renessansen, til overdådig i barokken. Fram mot 1800-talet blei kartusjane kraftig forenkla, for etter kvart å forsvinne heilt.

Kartusjane gav som regel opp kven som var oppdragsgjevar, kartteiknar og namn på området eller hendingar som kartet skildra.

I Kartverkets historiske arkiv er det i hovudsak kart i amtskartsamlinga som har detaljerte kartusjar.

Kompassrose

Ei kompassrose er ein del av kartet som blir brukt til å stake ut dei ulike himmelretningane, og spesielt geografisk nord. Kart har ikkje alltid hatt ei nord-sør-orientering, og det har vore nødvendig med noko som peikar ut retninga.

På gamle kart kan kompassrosa vere svært dekorativ. Ho er oftast forma som ein sirkel med inndeling i sektorar. Eldre kompassroser er gjerne delte inn i 8, 12 eller 32 kompasstrekar, mens moderne roser har ei inndeling på 360 gradar.

Kompassrosa er oftast avbilda på sjøkart eller atlaskart, men Kartverkets kartsamling har også døme på kompassroser plasserte over større, relativt aude landområde, til dømes i Finnmark og Hedmark.

Meir om kompassroser: Johan Anton Wikanders artikkel «Kompasset og kompassrosen» i boka «Kompassrosen –orientering mot nord» (Briså og Lavold 2009)

Kartteikn

Eit kart er sett saman av symbol som til saman skal utgjere ei forminska avbilding av landskapet. Kartteiknet er eit allment akseptert kjenneteikn som skal hjelpe oss til å forstå kva vi kan vente å finne ute i terrenget.

I den tidlege fasen til Kartverket ser vi at det har vore ein lang periode med mykje individualitet, sjølv om kartteikna har følgt fastsette normer. På enkeltkart er det som regel sett av plass til teiknforklaring. I slike tilfelle ser det ut til at kartteiknaren har utarbeidd eigne symbol.

Forutan å vise topografi, gjev kartteikn på historiske kart ei innsikt i industri, kommunikasjon og busetnad i dåtida.

I.H. Rawert kjem inn på kartteikn i ei førelesing  om ”den Geometriske Trigonometriske og Militaire Laandmaaling tilligemed Nivelleringen”

I dag er teikn og symbol i kartet i stor grad standardisert. Her er kartteikn med forklaring for Kartverkets nasjonale kartserie Norge 1: 50 000 (pdf). Og her er teikn og symbol for digitale kart (pdf).