Før du tar kontakt, tilrår vi at du sjekkar nettsidene våre og ser om du finn svaret der.

I Kartverket har vi fem namneansvarlege som har ansvar for namnesaker i kvar sin region:

  • Region sør (Agder-fylka, Telemark, Vestfold): Maria Ellingsen
  • Region vest (Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane): Erlend Trones
  • Region aust (Østfold, Akershus, Oslo, Buskerud, Hedmark og Oppland): Erlend Trones
  • Region midt (Møre og Romsdal): Nils Jørgen Gaasvik (Trøndelag) og Berit Sandnes
  • Region nord (Nordland, Troms og Finnmark): Aud-Kirsti Pedersen

Dei kan alle kontaktast via sentralbordet vårt, telefon 32 11 80 00, eller på e-post post@kartverket.no. Også kundesenteret kan svare på stadnamnspørsmål, og kan kontaktast via det same nummeret.

Stadnamnhjelp for offentleg tilsette

Offentlege organ (kommunar, fylkeskommunar og statlege etatar) som har spørsmål om namngjeving, namnebruk, og om skrivemåten av stadnamn, kan kontakte Kartverket sin regionalt namneansvarlege eller Språkrådets stadnamnteneste.

Sjå kontaktinformasjon til Språkrådets stadnamnteneste her.

Gjeld det vegnamn og adressering, kan det vere nyttig å starte med å slå opp på rettleiingssidene for kommunen som adressemyndigheit.

Stadnamnhjelp for grunneigarar

Grunneigarar som ynskjer endring/fastsetjing av stadnamn på eige bruk, kan ta kontakt med Kartverkets namneansvarlege for regionen for å få rettleiing om framgangsmåte. Les meir om kva grunneigar kan bestemme her.