Hopp til innhold

Håndbok for navnebehandling

9 Klageordninga

9.1 Klagerett

Klageordninga er omtalt i lov om stadnamn § 10 og forskriftens § 10.

Desse har klagerett på namnevedtak som er fatta av Kartverket:

  • Eigarar/festarar av brukseigedom for namn på deira bruk
  • Kommunen
  • Fylkeskommunen
  • Offentlege organ og selskap for namn dei skal bruke i tenesta
  • Lokale lag og organisasjonar for namn som dei har serleg tilknyting til

Namnekonsulentane har ikkje klagerett.

 

9.2 Klagefrist

Det er tre vekers klagefrist frå det tidspunktet då klagaren er blitt gjort kjend med vedtaket. Ein kan forlenge klagefristen dersom det blir søkt om dette. Klagen skal gå til vedtaksorganet. Det er likast at kommunen tek imot klagane og sender dei som er komne innan tidsfristen samla til vedtaksorganet. Kartverket har rett til å klage på namnevedtak fatta av andre vedtaksorgan med den same klagefristen.

 

9.3 Klagebrev. Skrivemåtestatus K

Når godkjend klage er motteken, skal vi endre skrivemåtestatusen i SSR frå V – Vedtatt eller S – Vedtatt (samlevedtak) til K – Klage, og statusdatoen vert sett til datoen for brevet frå klagaren. Koden K – Klage er i prinsippet lik koden G – Godkjend, og skrivemåten er altså fullt lovleg å bruke.

Klagaren kan be om at ein påklaga, ny skrivemåte ikkje vert brukt før det ligg føre endeleg vedtak i saka. Den aktuelle kartredaksjonen må få spesiell melding i dei få tilfella der dette er aktuelt.

 

9.4 Ny runde

Oversendingsbrev med klagane vert sendt til kommunen. Derfrå startar saka på ein ny runde med lokal høyring og tilråding frå namnekonsulentane før saka kjem attende til vedtaksorganet. Når det blir klaga på eit namnevedtak, skal alle som har utskilde bruk med det aktuelle namnet, ha melding om dette. Om høyrings- og vedtaksprosessen: sjå 8.2 Høringsrunde og 8.3 Vedtak.

Kartverket kan velje å gjere om vedtaket utan ny runde med lokal høyring, men dette er eit unntak (sjå 9.5)

 

9.5 Omgjering av vedtak

Kartverket kan gjere om vedtaket utan å sende saka på ny høyring og tilråding, i følgje forvaltningsloven § 33, andre ledd. Dersom Kartverket gjer om det opphavelege vedtaket og gjer nytt namnevedtak, skal nytt vedtaksbrev skrivast og den vedtekne skrivemåten verte lagd inn i SSR med skrivemåtestatus V – Vedtatt. Vedtaksbrevet blir sendt til dei same mottakarane, og klagefristen på det nye vedtaket er den same: tre veker.

 

9.6 Klage på omgjort vedtak

Blir det klaga på det nye vedtaket (sjå 9.5), må saka med alle dokumenta bli send til avgjerd i Klagenemnda. Dette gjeld viss Kartverket vedtok skrivemåten som klagaren i fyrste runde ville ha. Viss Kartverket vedtok ein annan skrivemåte som ikkje var påklaga tidlegare, skal saka sendes ut på ein ny runde (sjå 9.4).

 

9.7 Klagenemnda for stadnamnsaker

Dersom Kartverket held fast på opphavelege vedtak også i denne omgangen, vert saka med alle dokumenta send til Klagenemnda for stadnamnsaker til vurdering og endeleg vedtak. I klagenemnda sit ein jurist som leiar med dobbeltstemme, to stadnamnekspertar og to lekpersonar. Klagenemnda er oppnemnd av Kulturdepartementet. Nemndas vedtak er endelege og kan ikkje påklagast.

 

9.8 Omgjering eller gjenopning av namnesaker

Når det er gjort vedtak om skrivemåten for eit stadnamn, er dermed alle andre skrivemåtar ulovlege å bruke for dei instansane (stat, kommune osv.) som må følgje stadnamnlova (jf. lov om stadnamn § 9 Bruk av stadnamn). I Sentralt stadnamnregister (SSR) får desse skrivemåtane status ”Avslått”.

Når namn blir lasta inn i SSR, vil skrivemåten få status ”Avslått” når namnet blir lagt inn, dersom det allereie er gjort vedtak om ein annan skrivemåte for det same namnet. Det skjer altså sjølv om denne skrivemåten kanskje ikkje var vurdert i den opphavlege namnesaka. Dersom slike til nå ukjente avslåtte skrivemåtar gir namne¬konsulentane informasjon som kunne hatt noko å seie for utfallet av namnesaka, må det vere lovleg å reise ei ny namnesak (jf. lov om stadnamn § 7 Gjenopning).

 

9.9 Klager på bruksnamn


Sjå Vedlegg A.

 

Til toppen