Hopp til innhold

Håndbok for navnebehandling

7 Reising av namnesak

7.1 Reising av namnesak i Kartverket

7.1.1 Kven kan reise namnesak?

 Ref. lov om stadnamn § 5:

  1. ”eit offentleg organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd.”
    Kartverket kan dermed reise namnesak.
  2. ”eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom”.
  3. ”ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn.”
  4. ”stadnamnkonsulentane når det gjeld stadnamn i deira område.”

7.1.2 Når skal ein reise namnesak?

Dette temaet er forklart meir detaljert i kapittel 1, avsnitt 1.2 Retningslinjer for når Kartverket skal reise namnesak.

Kartverket reiser namnesak i desse tilfella:

  1. Ved ekstern oppmoding om å reise namnesak (sjå avsnitt 7.3). 
  2. Ved internt ønske om å reise namnesak, særleg dersom namnet er ”stort og viktig”. Det kan vere at det er ulike skrivemåtar av det same namnet i bruk på ulike produkt, eller at namnet bør ha ein annan skrivemåte etter stadnamnlova, eller at skrivemåten byggjer på ei feiltolking av namnet.
  3. Når det er behov for eit nytt stadnamn i eit produkt, og det ikkje ligg føre godkjend skrivemåte av namnet. Sjå vedlegg til kapittel 10.

7.1.3 Korleis skal ein reise namnesak?

  1. Namnesaka skal registrerast i SSR før oppstartsbrevet blir sendt ut. Nummeret på namnesaka får ein automatisk frå SSR, og dette nummeret skal takast med i overskrifta i brevet. Alle namn i SSR som inngår i saka, skal registrerast.
  2. Legg den foreslåtte skrivemåten/dei foreslåtte skrivemåtane inn i SSR med status F (foreslått). Ansvarleg for SSR (Kjetil Ringen) kan hjelpe til med å ta informasjonen ut på standard namnesaksskjema dersom ein ynskjer det.
  3. Standard tilbakemelding blir send til den som har sendt førespurnaden. Dette skal skje innan 1 månad etter at førespurnaden er motteken.
  4. Saka blir send over til kommunen i form av oversendingsbrev, ev. med vedlagd standard namnesaksskjema påført naudsynte kolonnar. I oversendingsbrevet kan ein forklare kor viktig saka er og samanhengen med andre saker. Ein skal gje kommunen ein tidsfrist på 2 månader.

 

7.2 Vedtaksorgan

§ 5 i stadnamnlova seier kva for organ som kan vedta skrivemåten av stadnamn.

7.2.1 Kommunen

"Kommunen vedtek skrivemåten av offisiell adresse og av namn på tettstader, grender, kommunale gater, vegar, torg, bydelar, bustadfelt, anlegg o.l.”

7.2.2 Fylket

”Fylkeskommunen vedtek skrivemåten av namn på fylkeskommunale anlegg o.l.”

7.2.3 Kartverket

”Statens kartverk vedtek skrivemåten av gardsnamn, bruksnamn, seternamn, naturnamn, namn på statlege anlegg o.l. dersom ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift.”

Det vil seie:
Naturnamn
Nedervde gardsnamn/bruksnamn (med eigne reglar for eigarfastsette skrivemåtar)
Seternamn
Namn på statlege anlegg og liknande dersom ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift

7.2.4 Andre vedtaksorgan

Døme:
Kongen i statsråd:    kommunenamn, namn på verneområde
Bispedømmeråda:   kyrkjenamn

 

7.3 Saksgang og saksbehandling

Sjå artikkelen Saksgang og saksbehandling i namnesaker på Kartverkets nettsider.

 

Til toppen