Fylkeskommunen har det same ansvaret for fylkeskommunale anlegg.

Kommunen er adressemyndigheit etter matrikkellova og vedtar difor alle namn som skal brukast i adressering, jamfør stadnamnlova § 5 andre ledd. Unntaket er gardsnamn og bruksnamn som går inn i adressa, sjå Rettleiing til forskrift om skrivemåten m.m. av stadnamn, kap. 3 Kommentarar til forskrifta, pkt. 3 Om saksbehandlinga.

I tillegg er kommunen høyringsinstans for saker om skrivemåten av alle stadnamn i kommunen som kommunen ikkje sjølv er vedtaksmyndigheit for.

Sjølv om adressering er ei matrikkeloppgåve, er fastsetjing av skrivemåten av adressenamna ei sak etter lov om stadnamn. Sjå prosedyre for behandling av nye adressenavn etter lov om stadnamn i Adresseveilederen kap. 17.7.1.

Som ein vil sjå, er det ikkje alltid naudsynt å reise formell namnesak. Sjå også artikkelen om saksgangen i namnesaker som inneheld Kartverket sin interne prosedyre for behandlinga av namnesaker.

Når kommunen har vedtatt namn og skrivemåte, skal det meldast til Sentralt stadnamnregister (SSR) i Kartverket. Sjå § 15 i forskrift til lov om stadnamn.

For adressenamn er det laga eit skjema i Adresseveilederen kap. 17.7.1. Skjemaet kan ein også nå direkte her (pdf). Skjemaet skal berre brukast for adressenamn som ikkje er behandla i formell namnesak etter lov om stadnamn. I namnesaker etter denne lova skal ein bruke formelle vedtaksdokument.

Utfylt skjema/vedtaksdokument sender ein til post@kartverket.no eller til Sentralt stadnamnregister, Kartverket, postboks 600, Sentrum, 3507 Hønefoss. Skriv kva for fylke saka gjeld.

Kommunen er høyringsinstans i alle namnesaker i kommunen. I tillegg har kommunen plikt til å kunngjere alle stadnamnvedtak i kommunen, også vedtak frå andre vedtaksorgan, jamfør § 9 femte ledd i forskrift til lov om stadnamn.

Stadnamn i offentlege register

Kommunen registrerer alle adressenamn i matrikkelen og i FKB-vegnett. Nye namn blir oppdatert i Nasjonal vegdatabank (NVDB) i Statens vegvesen gjennom ajourhaldsrutinane til dette datasettet. I tillegg skal adressenamna meldast til Sentralt stadnamnregister (SSR). Sjå ovanfor.

Offentlege etatar bruker og distribuerer presentasjonsdatasetta FKB-Tekst5000 og FKB-Tekst1000. Difor er det viktig at stadnamna i desse datasetta stemmer med vedtatt eller tilrådd godkjent skrivemåte. Det betyr at ein må syte for at skrivemåten i desse datasetta stemmer med den tilrådde i SSR. Dersom kommunen ikkje er originaldatavert for datasetta, kan ein rapportere feil eller manglar til Kartverket, og eventuelle endringar vil bli gjort i SSR og/eller i presentasjonsdatasetta.

Dersom kommunen er originaldatavert for presentasjonsdatasetta, må kommunen sjekke SSR før endringar blir gjort i datasetta. Er tilrådd skrivemåte lik den kommunen ynskjer, kan kommunen endre i datasettet sitt. Meiner kommunen at deira skrivemåte er meir korrekt enn den vedtatte eller tilrådde skrivemåten i SSR, bør kommunen kontakte Kartverket for å sjå om ein kan gjere endringar i SSR. Dersom Kartverket vurderer at det ikkje kan gjerast endringar i SSR utan vedtak, bør kommunen bruke SSR-skrivemåten og eventuelt vurdere å reise namnesak.

Skrivemåtar i SSR med tilhøyrande opplysningar finn ein gjennom innsynsløysinga norgeskart.no.

Samspel adresser og stadnamn

Det er naudsynt for kommunane å få til eit godt samspel i arbeidet med adressering etter matrikkellova og behandlinga av stadnamn etter lov om stadnamn. Sjå Kartverkets adressesider, til dømes Adresseveilederen (pdf) (html) og Adressetilleggsnamn.

Sjå også brosjyren "Namnsetjing av gater og vegar" utgjeve av Språkrådet.