Siste oppdatering

Rettleiing for djupnemåling i hamn eller ved kai

Rettleiaren skal sørge for at fleire nyttar sertifiserte oppmålarar til djupnekartlegging. Det vil gje skipsfarten tilgang til betre djupnedata.

Både Kartverket og Kystverket får stadig førespurnader frå hamner og kaieigarar som ynskjer informasjon om djupner. Dei to etatane har gått saman om å utvikle ein ny rettleiar. Rettleiaren skildrar korleis ein aktør bør gå fram for å kjøpe godkjende djupnemålingar i eit område eller utanfor ei kai.

Behov for større djupgåande 

Vi ser at fartøya blir stadig større, medan hamnene stort sett har same storleik. Mange ynskjer større djuptgåande for å få meir last med seg ut frå hamna. Data om djupne vert difor etterspurd i samband med nyetablering av kaier, mudring utanfor kaianlegg eller for prøve å få inn større fartøy. Då trengst det høg detaljgrad og god kvalitet på informasjon om djupne, seier Erik Blom, losdirektør i Kystverket.

Bruk sertifiserte oppmålarar

Rettleiaren for djupnemåling skal hjelpe kaieigarar, og andre interessentar som samlar djupnedata, til å nytte seg av firma som er sertifiserte oppmålarar.

Det vil gjere at både lostenesta og sjøfarande elles kan få tilgang til meir og betre djupnedata via offisielle elektroniske sjøkart (ENC).

– Djupnemålingar frå sertifiserte oppmålarar vil kunne inngå i offisielle sjøkart, og dermed kunne nyttast av dei som har bestilt djupnemåling, til dømes hamner og kommunar, i tillegg til skipsfart og losar, seier Odd Sveinung Hareide i Kystverkets lostjeneste.

Sertifisert sjømålar Frivillig godkjenningsordning

Kartverket har ein sjømålingsstandard og ei frivillig godkjenningsordning for aktørar innan sjømåling og behandling av hydrografiske data.

I forskrift til hamne- og farvatnlova, er Kartverket utnemnt som offisiell sjøkartmyndigheit.

Frivillig godkjenningsordning

Rettleiaren er utvikla av Kartverkets sjødivisjon i samarbeid med Kystverket. Kartverket har også fått innspel frå sertifiserte oppmålarar som Wise Survey og Geosubsea.

– Kartverket har etablert ei frivillig godkjenningsordning for private selskap innan sjømåling og behandling av hydrografiske data. Førebels er det dei to nemnde selskapa i Noreg som er godkjende for å hente inn, prosessere og levere djupnedata til Kartverket. Desse dataa kan også inkluderast i offisielle nautiske produkt, fortel Torstein Ådland i Kartverkets sjødivisjon.

03.11.2023

Rettleiing for bestilling av djupnemåling i hamner og ved kai

Veileder (pdf 550 kB).

Djupnedata frå Kartverket

Del
XPPT