Ny utgåve av Overseilingskart 507 Nordsvalbard er utgjeve 2. oktober 2019. Kartet trykkast ikkje, men plottast på bestilling gjennom Print on Demand-tjenesten. Tidlegare utgåve av sjøkartet fra 2016 er no ugyldig.

Sjøkartet er i målestokk 1:700 000 og er eit av Kartverket sine overseilingskart.

Kartet inngår òg i IHO (International Hydrographic Organization) sin internasjonale kartserie som kart nr INT-9313.

Kartet sitt dekningsområde

Overseilingskart 507 dekkjer den nordlege delen av Svalbard (Spitsbergen - Nordaustlandet - Kvitøya).

Endringer i denne utgåva

Kartet er tilført ny djupneinformasjon i Hinlopenstretet og i farvatn nord for Spitsbergen og nordaustover mot Sjuøyane.

Sjøkartet er oppdatert med alle  innrapporterte endringar sidan førre gong kartet vart utgitt, meldt i Etterretningar for sjøfarende (Efs). I tillegg kan kartet vera oppdatert med andre endringar som ikkje er melde i Efs.

Alle sikkerhetskritiske oppdateringar, rettingar og tracinger til offisielle norske sjøkart er gratis tilgjengeleg via den digitale tenesta for Efs, kartverket.no/efs.

Slik er kartet merket:

Utgitt av Kartverket 1986. Ny utgåve 10/2019. POD: 2. oktober 2019. Retta t.o.m. Efs nr 18/19.

Kartet har følgande avgrensing:

SW hjørne: 77°55’00’’N, 006°00’00’’E, NE hjørne: 81°30’00’’N, 034°00’00’’E

Elektroniske sjøkart

Området som blir dekt av sjøkartet er også dekt av ENC-er (elektroniske kartceller).

Ny utgåve

Ei ny utgåve av eit eksisterande kart vil inkludera endringar viktig for navigasjon, i tillegg til endringar som tidlegare er kunngjort i Etterretninger for sjøfarande (Efs). Når ei "ny utgåve" av sjøkartet blir utgjeve vil tidlegare utgåve vera forelda og anses ugyldig.

Det presiseres at betydelige deler av kartet forblir uendret. Kartnummeret endres ikkje, unntatt ved tilføyelse av INT-nummer når sjøkartet blir internasjonalt kart (INT-kart).

Eit kjeldediagram/pålitelegheitsdiagram som inneheld detaljar om måledata er påtrykt kartet. Eit kjeldediagram/pålitelegheitsdiagram kan ikkje alltid reflektere visse omfattande endringar som til dømes endra symbologi, bøyesystem eller lykter.

Norske sjøkart blir utgjeve som:

POD-kart: Heile kartporteføljen blir utgitt to gonger i månaden som POD-kart (Print on Demand). POD-kartene er oppdatert til dags dato med alle sikkerhetskritiske oppdateringar og rettingar som har vore publiserte Efs. Kjøp eit POD-kart når sjøkartet ditt er slite eller påført mange rettingar, t.d. når det blir meldt omfattande lykte-omskjerminger på grunn av overgang til IALA-systemet for sektorlykter. Då får du eit oppdatert, reint kart. Du må kjøpa nytt POD-kart viss kartet blir utgitt i ny utgåve eller som nytt kart.

Ny utgåve: Ny utgåve av eit eksisterande sjøkart. Inneheld endringar av vesentleg tyding for navigasjon. Vil gjera eksisterande utgåve av sjøkartet ugyldig. Kartverket gir òg ut nye utgåver av sjøkart når det har vorte meldt mange Efs-meldinger på kartet - og/eller det er mange år sidan sist kartet kom som ny utgåve.

Nytt kart: Har store endringar i utforming, avgrensing eller innhald. Alle tidlegare utgåver av sjøkartet blir gjort ugyldige.

Les meir om Noregs offisielle sjøkart.

Last ned produktkatalog (pdf 2,3 MB) for norske sjøkart og nautiske publikasjonar.

Kontaktpersonar:

Gjermund H. Bakken
Seksjonssjef for kartseksjonen i Kartverkets sjødivisjon
gjermund.bakken@kartverket.no
51 85 88 69 / 959 61 301

Kjetil Wirak
Kartseksjonen i Kartverkets sjødivisjon
kjetil.wirak@kartverket.no
51 85 87 35 / 474 47 750