Nye utgåver av Hovudseriekart nr. 26 Håsteinen - Batalden og Hamnekart nr 479 Florø hamn vart utgjeve 18. desember 2019. Karta trykkast ikkje, men plottast på bestilling gjennom Print on Demand-tjenesten. Tidlegare utgåver av sjøkarta frå 2016 (kart 479) og 2018 (kart 26) er no ugyldige.

Sjøkart nr. 26 er i målestokk 1:50 000 og inngår i Kartverket sine hovudseriekart. Kartet har ein spesial "Skorpa - Batalden" i målestokk 1:20 000.

Hamnekart nr 479 er i målestokk 1:10 000 og inngår i Kartverket sine hamnekart.

Dekningsområdet til karta

Sjøkart nr. 26 dekker ytre kyststrøk i Sunnfjord frå Håsteinen og Tvibyrge i sør til Batalden i nord. Hamnekart nr. 479 dekker Florø by med innseililngar.

Endringar i desse utgåvane

Eit stort område nord i kart 26 (Batalden / Hellefjorden) er nyleg sjømålt slik at ny djupneinformasjon er tilført kartet. I hamnekartet er kystkonturen oppdatert mange stader.

Kartet er oppdatert med ein del sektorlykter som er omskjerma til IALA-systemet. Det kan vera omfattande endringar. Les meir om overgangen til IALA-standard på Kystverkets nettsider.

Det har vore ein del andre rettingar på kartet: Lykteendringar, sjømerker, fartsavgrensingar, røyrleidningar, grunnerapporteringar, utfyllingar og anna.

Sjøkartet er oppdatert med omsyn til alle innrapporterte endringar sidan førre gong kartet vart gjeve ut, meldt i Etterretninger for sjøfarende (Efs). I tillegg er kartet oppdatert med andre endringar som ikkje er meldt i Efs. Dette kan vera nye kaier, moloar og nymålingar i større og mindre grad.

Stadnamn er oppdatert etter opplysingar henta frå Sentralt stadnamnregister (SSR).

Alle tryggleikskritiske oppdateringar, rettingar og tracinger til offisielle norske sjøkart er gratis tilgjengeleg via den digitale tenesta for Efs, kartverket.no/efs.

Slik er karta merkt:

Utgjeve av Kartverket 1971. Ny utgåve 12/2019. POD: 18. desember 2019. Retta t.o.m. Efs nr 23/19.

Karta har følgande avgrensing:

26:   SW hjørne: 61°20’30’’N, 004°16’00’’E, NE hjørne: 61°40’00’’N, 005°11’00’’E
479: SW hjørne: 61°34.37’N, 004°55.90’E, NE hjørne: 61°38.28’N, 005°05.40’E

Elektroniske sjøkart

Farvatna som vert dekt  av sjøkarta er også dekt av ENC-er (elektroniske kartceller).

Ny utgåve

Ei ny utgåve av eit eksisterande kart vil inkludera endringar viktig for navigasjon, i tillegg til endringar som tidlegare er kunngjort i Etterretninger for sjøfarande (Efs). Når ei "ny utgåve" av sjøkartet vert gjeve ut vil tidlegare utgåve vera forelda og anses ugyldig.

Det presiserast at betydelege deler av kartet forblir uendret. Kartnummeret endrast ikkje, unntatt ved tilføying av INT-nummer når sjøkartet blir internasjonalt kart (INT-kart).

Eit kjeldediagram/pålitelegheitsdiagram som inneheld detaljar om måledata er påtrykt kartet. Eit kjeldediagram/pålitelegheitsdiagram kan ikkje alltid reflektere visse omfattande endringar som til dømes endra symbologi, bøyesystem eller lykter.

Norske sjøkart vert gjeve ut som:

POD-kart: Heile kartporteføljen vert gjeve ut to gonger i månaden som POD-kart (Print on Demand). POD-kartene er oppdatert til dags dato med alle tryggingskritiske oppdateringar og rettingar som har vore publiserte Efs. Kjøp eit POD-kart når sjøkartet ditt er utslite eller påført mange rettingar, t.d. når det vertblir meldt omfattande lykte-omskjerminger på grunn av overgang til IALA-systemet for sektorlykter. Då får du eit oppdatert, reint kart. Du må kjøpa nytt POD-kart viss kartet vert gjeve ut i ny utgåve eller som nytt kart.

Ny utgåve: Ny utgåve av eit eksisterande sjøkart. Inneheld endringar av vesentleg tyding for navigasjon. Vil gjera eksisterande utgåve av sjøkartet ugyldig. Kartverket gir òg ut nye utgåver av sjøkart når det har vorte meldt mange Efs-meldinger på kartet - og/eller det er mange år sidan sist kartet kom som ny utgåve.

Nytt kart: Har store endringar i utforming, avgrensing eller innhald. Alle tidlegare utgåver av sjøkartet vert gjort ugyldige.

Les meir om Noregs offisielle sjøkart.

Last ned produktkatalog (pdf 2,3 MB) for norske sjøkart og nautiske publikasjonar.

Kontaktpersonar:

Gjermund H. Bakken
Seksjonssjef for kartseksjonen i Kartverkets sjødivisjon
gjermund.bakken@kartverket.no
51 85 88 69 / 959 61 301

Kjetil Wirak
Kartseksjonen i Kartverkets sjødivisjon
kjetil.wirak@kartverket.no
51 85 87 35 / 474 47 750