Ny utgåve av Hovudseriekart nr. 96 Altafjorden og Langfjorden vart utgjeve 3. desember 2019. Kartet trykkast ikkje, men plottast på bestilling gjennom Print on Demand-tjenesten. Tidlegare utgåve av sjøkartet frå 2016 er no ugyldig.

Sjøkartet er i målestokk 1:50 000 og inngår i Kartverket sine hovudseriekart.

I sjøkart nr. 96 inngår òg ein spesial av Storekorsnes, målestokk 1:5 000. Denne spesialen er ny.

Dekningsområdet til kartet

Sjøkarta dekker Altafjorden og Langfjorden i Finnmark.

Endringar i denne utgåva

Storekorsnes hamn er nyleg sjømålt slik at ny djupneinformasjon er tilført kartet. Dette blir vist i ein ny spesial i målstokk 1:5 000 som er sett inn i kartet.

Kartet er oppdatert med ein del sektorlykter som er omskjerma til IALA-systemet. Det kan vera omfattande endringar. Les meir om overgangen til IALA-standard på Kystverkets nettsider.

Det har vore ein del andre rettingar på kartet: Lykteendringar, sjømerker, fartsavgrensingar, røyrleidningar, grunnerapporteringar, utfyllingar og anna.

Sjøkartet er oppdatert med omsyn til alle innrapporterte endringar sidan førre gong kartet vart gjeve ut, meldt i Etterretninger for sjøfarende (Efs). I tillegg er kartet oppdatert med andre endringar som ikkje er meldt i Efs. Dette kan vera nye kaier, moloar og nymålingar i større og mindre grad.

Stadnamn er oppdatert etter opplysingar henta frå Sentralt stadnamnregister (SSR).

Alle tryggleikskritiske oppdateringar, rettingar og tracinger til offisielle norske sjøkart er gratis tilgjengeleg via den digitale tenesta for Efs, kartverket.no/efs.

Slik er kartet merkt:

Utgjeve av Kartverket 2007. Ny utgåve 12/2019. POD: 3. desember 2019. Retta t.o.m. Efs nr 22/19.

Kartet har følgande avgrensing:

SW hjørne: 69°56’00’’N, 022°12’00’’E, NE hjørne: 70°16’00’’N, 023°32’00’’E

Elektroniske sjøkart

Farvatna som vert dekt  av sjøkarta er også dekt av ENC-er (elektroniske kartceller).

Ny utgåve

Ei ny utgåve av eit eksisterande kart vil inkludera endringar viktig for navigasjon, i tillegg til endringar som tidlegare er kunngjort i Etterretninger for sjøfarande (Efs). Når ei "ny utgåve" av sjøkartet vert gjeve ut vil tidlegare utgåve vera forelda og anses ugyldig.

Det presiserast at betydelege deler av kartet forblir uendret. Kartnummeret endrast ikkje, unntatt ved tilføying av INT-nummer når sjøkartet blir internasjonalt kart (INT-kart).

Eit kjeldediagram/pålitelegheitsdiagram som inneheld detaljar om måledata er påtrykt kartet. Eit kjeldediagram/pålitelegheitsdiagram kan ikkje alltid reflektere visse omfattande endringar som til dømes endra symbologi, bøyesystem eller lykter.

Norske sjøkart vert gjeve ut som:

POD-kart: Heile kartporteføljen vert gjeve ut to gonger i månaden som POD-kart (Print on Demand). POD-kartene er oppdatert til dags dato med alle tryggingskritiske oppdateringar og rettingar som har vore publiserte Efs. Kjøp eit POD-kart når sjøkartet ditt er utslite eller påført mange rettingar, t.d. når det vertblir meldt omfattande lykte-omskjerminger på grunn av overgang til IALA-systemet for sektorlykter. Då får du eit oppdatert, reint kart. Du må kjøpa nytt POD-kart viss kartet vert gjeve ut i ny utgåve eller som nytt kart.

Ny utgåve: Ny utgåve av eit eksisterande sjøkart. Inneheld endringar av vesentleg tyding for navigasjon. Vil gjera eksisterande utgåve av sjøkartet ugyldig. Kartverket gir òg ut nye utgåver av sjøkart når det har vorte meldt mange Efs-meldinger på kartet - og/eller det er mange år sidan sist kartet kom som ny utgåve.

Nytt kart: Har store endringar i utforming, avgrensing eller innhald. Alle tidlegare utgåver av sjøkartet vert gjort ugyldige.

Les meir om Noregs offisielle sjøkart.

Last ned produktkatalog (pdf 2,3 MB) for norske sjøkart og nautiske publikasjonar.

Kontaktpersonar:

Gjermund H. Bakken
Seksjonssjef for kartseksjonen i Kartverkets sjødivisjon
gjermund.bakken@kartverket.no
51 85 88 69 / 959 61 301

Kjetil Wirak
Kartseksjonen i Kartverkets sjødivisjon
kjetil.wirak@kartverket.no
51 85 87 35 / 474 47 750