Ny utgåve av Kystkart nr. 307 (INT 1401) Stavanger - Florø vart utgjeve 18. desember 2019. Kartet trykkast ikkje, men plottast på bestilling gjennom Print on Demand-tjenesten. Tidlegare utgåve av sjøkartet frå 2015 er no ugyldig.

Kystkart nr. 307 er i målestokk 1:350 000 og inngår i Kartverket sin kystkartserie. Kartet inngår òg i IHO sin internasjonale kartserie som INT 1401.

Dekningsområdet til kartet

Kystkart nr. 307 dekker ytre kyststrøk på Vestlandet frå Stavanger i sør til Florø i nord. Store deler av Nordsjøene er òg dekt av kartet.

Endringar i denne utgåva

Det har vore ein del rettingar på kartet: Djupneinformasjon, sjømerke, røyrleidningar, oljeinstallasjonar og anna.

Sjøkartet er oppdatert med omsyn til alle innrapporterte endringar sidan førre gong kartet vart gjeve ut, meldt i Etterretninger for sjøfarende (Efs). I tillegg er kartet oppdatert med andre endringar som ikkje er meldt i Efs. Dette kan vera nye kaier, moloar og nymålingar i større og mindre grad.

Stadnamn er oppdatert etter opplysingar henta frå Sentralt stadnamnregister (SSR).

Alle tryggleikskritiske oppdateringar, rettingar og tracinger til offisielle norske sjøkart er gratis tilgjengeleg via den digitale tenesta for Efs, kartverket.no/efs.

Slik er kartet merkt:

Utgjeve av Kartverket 1982. Ny utgåve 12/2019. POD: 18. desember 2019. Retta t.o.m. Efs nr 23/19.

Kartet har følgande avgrensing:

SW hjørne: 58°48.00’N, 001°14.00’E, NE hjørne: 62°52.00’N, 005°50.00’E

Elektroniske sjøkart

Farvatna som vert dekt  av sjøkartet er også dekt av ENC-er (elektroniske kartceller).

Ny utgåve

Ei ny utgåve av eit eksisterande kart vil inkludera endringar viktig for navigasjon, i tillegg til endringar som tidlegare er kunngjort i Etterretninger for sjøfarande (Efs). Når ei "ny utgåve" av sjøkartet vert gjeve ut vil tidlegare utgåve vera forelda og anses ugyldig.

Det presiserast at betydelege deler av kartet forblir uendret. Kartnummeret endrast ikkje, unntatt ved tilføying av INT-nummer når sjøkartet blir internasjonalt kart (INT-kart).

Eit kjeldediagram/pålitelegheitsdiagram som inneheld detaljar om måledata er påtrykt kartet. Eit kjeldediagram/pålitelegheitsdiagram kan ikkje alltid reflektere visse omfattande endringar som til dømes endra symbologi, bøyesystem eller lykter.

Norske sjøkart vert gjeve ut som:

POD-kart: Heile kartporteføljen vert gjeve ut to gonger i månaden som POD-kart (Print on Demand). POD-kartene er oppdatert til dags dato med alle tryggingskritiske oppdateringar og rettingar som har vore publiserte Efs. Kjøp eit POD-kart når sjøkartet ditt er utslite eller påført mange rettingar, t.d. når det vertblir meldt omfattande lykte-omskjerminger på grunn av overgang til IALA-systemet for sektorlykter. Då får du eit oppdatert, reint kart. Du må kjøpa nytt POD-kart viss kartet vert gjeve ut i ny utgåve eller som nytt kart.

Ny utgåve: Ny utgåve av eit eksisterande sjøkart. Inneheld endringar av vesentleg tyding for navigasjon. Vil gjera eksisterande utgåve av sjøkartet ugyldig. Kartverket gir òg ut nye utgåver av sjøkart når det har vorte meldt mange Efs-meldinger på kartet - og/eller det er mange år sidan sist kartet kom som ny utgåve.

Nytt kart: Har store endringar i utforming, avgrensing eller innhald. Alle tidlegare utgåver av sjøkartet vert gjort ugyldige.

Les meir om Noregs offisielle sjøkart.

Last ned produktkatalog (pdf 2,3 MB) for norske sjøkart og nautiske publikasjonar.

Kontaktpersonar:

Gjermund H. Bakken
Seksjonssjef for kartseksjonen i Kartverkets sjødivisjon
gjermund.bakken@kartverket.no
51 85 88 69 / 959 61 301

Kjetil Wirak
Kartseksjonen i Kartverkets sjødivisjon
kjetil.wirak@kartverket.no
51 85 87 35 / 474 47 750