For at norske sjøkart til ei kvar tid skal kunne haldast oppdatert, publiserer Kartverket alle sikkerheitskritiske oppdateringar og rettingar til dei offisielle sjøkarta i den nautiske publikasjonen Etterretninger for sjøfarende (Efs). Efs-tenesta er gratis, og rettingar blir publisert kvar fjortande dag.

Søk i Efs-tenesta

I Efs-tenesta på kartverket.no/efs kan du søke på ønska kartnummer. Du kan avgrense søke ditt til å vise meldingar frå siste Efs-utgåve, meldingar sidan sist besøk, alle meldingar knytt til det aktuelle sjøkartet sidan det blei utgjeve, og frå vald dato eller periode.

Søkeresultatet vil gje deg ei liste over aktuelle rettingar knytt til ditt kart. Så kan du sjølv plotte endringane inn i kartet, eventuelt ved hjelp av tracingar. Eit sjøkart er oppdatert når alle rettingar som gjeld kartet er påført.

Efs-tenesta gjev deg også:

  • Oversikt med trykkedatoar for sjøkart
  • Arkiv med Efs-utgåver
  • Riggliste med oversikt over posisjonar for mobile boreplattformer og flotell

Forskjellige typar meldingar i Etterretninger for sjøfarende (Efs)

Det blir publisert ulike type meldingar i Etterretninger for sjøfarende (Efs); meldingar om trykking av kart og nautiske publikasjonar, permanente, midlertidige og foreløpige endringar, åtvaringar, samt annan relevant informasjon.

Permanente sjøkartendringar er meldingar som omhandlar varige endringar som er vurdert å vere av sikkerheitsmessig verdi. Foreløpige (P) meldingar er kunngjeringar av planlagde aktivitetar. Etter at planlagde aktivitetar er utført vil det kome ei ny melding om permanent sjøkartendring. Midlertidige (T) meldingar blir brukt når endringa berre er gyldig for ein avgrensa periode.

Permanente sjøkartendringar:

  • Nye grunnar
  • Etablering og forandringar i fyrbelysning
  • Faste og flytande sjømerke
  • Nye eller endra undervasskablar og rørleidningar
  • Luftspenn
  • Vrak eller hefte som kan vere til hinder for fiske og skipsfart etc.

Foreløpige meldingar – P-meldingar (Preliminary):

  • Planlagde nye fyr og lykter
  • Planlagd byggeaktivitet
  • Mudring
  • Opplysningar om eventuelle påbod og forordningar om seilas i bestemte område etc.

Midlertidige meldingar – T-meldingar (Temporary):

  • Lys og sjømerke som midlertidig er ute av drift
  • Etablering av havbruk
  • Byggeaktivitet
  • Flytting av rigg etc.
  • Åtvaring og skyteøvingar
  • Seismikkundersøkingar
  • Prelegging av anker
  • Meldingar om skyteøvingar etc.

«Forskjellige meddelelser» (Miscellaneous) referer ikkje til konkrete kart, men inneheld informasjon om andre forhold som kan vere viktig for sjøfarande. Det kan til dømes vere informasjon om reglar og forskrifter og trykkedato for sjøkart. Fleire «meddelelser» er inkludert i den første utgåva av Etterretninger for sjøfarende (Efs) kvart år, men kan bli gjentatt regelmessig.

Etterretninger for sjøfarende (Efs) gjeld norske sjøkart. Dette inneber at andre land sine sjøkart skal rettast ut frå meldingar i dette landet sin Notices to Mariners (NM) – og ikkje Etterretninger for sjøfarende.

Tracing

Tracing er eit hjelpemiddel til Etterretninger for sjøfarende (Efs) som har som føremål å lette arbeidet med å rette opp kart. Tracings er teikningar av kartrettingar på transparent papir. Når du plasserer det transparente papiret med tracinga oppå sjøkartet, ser du straks kor rettingane skal vere. Dermed slipp du å setje ut ei rekke koordinatar som beskriv rettinga.

Tracing er meint som eit hjelpemiddel og skal ikkje brukast utan den korresponderande Efs-meldinga si. Kva melding tracinga tilhøyrer står i nedre høgre hjørne på tracinga, saman med informasjon om kva kart ho gjeld for.