Merk at vi i hovudsak ikkje har historiske kart over eigedomar eller grensekart utover administrative grenser.

Ein del av Kartverkets samling av historiske kart er digitalisert og er gratis tilgjengeleg for publikum på nedlastingsløysinga vår for gratis historiske kart. Der kan du sjølv ta utskrift om du ønsker det. Vil du ha betre utskrift enn det du får på din eigen skrivar eller i større format, kan du tinge dette via forhandlarane våre.

Gå til oversikt over Kartverkets forhandlarar.

Vi har også samla ein god del historiske sjøkart som kan lastast ned frå Wikipedia.

Ønsker du betre oppløysing enn det du får i gratisløysinga vår (meir enn 300 dpi), eller vil tinge historiske kart som enno ikkje finst digitalt, må du først fylle ut og sende inn skjemaet nedanfor. Det er inga bindande tinging, men ein generell førespurnad om kva du ønsker kart over og kva du ønsker at kartet skal innehalde. Du blir kontakta innan kort tid, og kan tinge etter dette.

Les også vilkår for bruk av historiske kart

Her kan du lese meir om karta som inngår i Kartverkets historiske arkiv.

Prisar historiske kart

Alle prisar nedanfor er utan mva.

Kartkopiar i 600 dpi TIFF (standardleveranse ved nedlasting via filemail):

  • Pris pr. kartblad: Kr 250,-
  • Tillegg for pr. CD/DVD: Kr 50,-

Nyskanning kart: Kart som enno ikkje finst i nedlastingsløysinga for historiske kart, kan skannast på oppfordring. Kartverket skannar då inntil tre analoge kart pr. omgang. Leveranseformat blir på 100/300 dpi JPG, og berre via filemail. Dette ekspederer vi ein gong i veka.

Pris pr. inntil tre stk. nyskann: Kr 250,-

Kartverket gjer merksam på at du ikkje betaler for sjølve kartkopien, men for jobben som blir gjort i samband med å finne fram og behandle saka.