Siste oppdatering

Samanslåing av burettslagsandelar

Burettslagsandelar som har same eigarforhold kan slåast saman. Dei tinglyste panterettane må vere like på andelane. Styret må godkjenne samanslåinga.

Styret i burettslaget bestemmer om to eller fleire burettslagsandelar skal slåast saman. Kartverket har ikkje standardiserte skjema for tinglysing av ei slik samanslåing. Innsendaren må difor laga eit eige dokument for å tinglyse samanslåinga.

Melding om samanslåing

Brevet eller dokumentet som styret sender til tinglysing må innehalde:

  • Identifisering av burettslaget og andelane det gjeld - burettslaget sitt namn, organisasjonsnummer og andelsnummer.
  • Identifisering av heimelshavarar til andelane, namn og fødselsnummer (11 siffer).
  • Ei kort forklaring på at det gjeld samanslåing, og informasjon av kva andelsnummer som skal stå att som identifikasjon for den samanslåtte burettslagsandelen.
  • Signatur av heile styret i burettslaget eller dei som har signaturrett i laget. Namna skal også stå med blokkbokstavar.
  • Signatur frå heimelshavarane. Namna skal også stå med blokkbokstavar.

Same heimelshavarar

Det skal vere dei same heimelshavarane på andelane du skal slå saman. Dersom det er fleire heimelshavarar, må dei ha lik eigarbrøk på andelane. Du må tinglyse ei heimelsoverføring dersom heimelshavarane ikkje er dei same. For å tinglyse ei slik heimelsoverføring må du fylle ut skjemaet overføring av heimel til andel i burettslag. Du må sende inn skjemaet til tinglysing før eller samtidig med tinglysinga av samanslåinga.

Unngå prioritetskollisjon

Samanslåinga må ikkje føre til prioritetskonfliktar mellom panthavarar. Det betyr at pantehefta må vere like på dei andelane du skal slå saman, eller at berre den eine andelen er pantsett. Dersom det er ulike pantehefte vert det ein prioritetskollisjon. For å løyse dette kan du tinglyse prioritetsviking eller sletting for pantedokumenta som kolliderer.

Adresse: Send dokumenta til:

Kartverket Ullensvang
Postboks 200
5788 Kinsarvik

Del