Kartverkets eigedomsdata er gratis. Bankar, eigedomsmeklarar, advokatar, gründerar og andre offentlege og private verksemder kan kople seg direkte opp til grunnboka og eigedomsregisteret.
Tidvatn- og vasstandsdata som du finn på Se havnivå, er tilgjengeleg i eit API. Ein widget for Se havnivå gjer det mogleg å vise tidvassdata for ein vald stad på di nettside.
Kartverkets terrengdata er gratis og tilgjengeleg både for nedlasting og gjennom API. Dei kan mellom anna nyttast til flom- og rasanalyser, berekning av vegtrasear, masseberekning og arealplanlegging i 3D.
Kartverket tilbyr ein rekke separasjonsmodellar som gjev deg skilnaden mellom to ulike referansenivå eller høgdesystem for eit geografisk område. Desse kan ta deg frå GNSS-målingar til høgder over havet eller over sjøkartnull, eller frå djupnedata i sjøkart til høgder i NN2000.
Kartverket har satellittdata i sanntid som kan nyttast til å lage posisjonstenester. Vi tilbyr også analyseklare datasett og bakgrunnskart over Noreg basert på data frå satellitten Sentinel-2.
Data frå sentralt stadnamnregister (SSR) er gratis, og uunnverlege i alle norske kart. Du kan anten laste dei ned eller knytte deg opp til registeret via API.
Kartverket har masse gratis data som kan brukast i turkart. Vi har datasettet som ligg til grunn for den nasjonale turkartserien i Noreg, og vi forvaltar hundrevis av turruter i nasjonal database for turruter.
Sjå temaside der vi presenterer ei rekkje døme på smart bruk av stedsdata (geodata / geografisk informasjon), og diplomutdeling i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Nasjonalt geodataråd.