Hopp til innhold

Satsingar på Søre Sunnmøre

Gjennom prosjektet Marine Grunnkart Søre Sunnmøre har ein fått frigjeve detaljerte data av havbotnen for eit kystområde på 850 km2 på Søre Sunnmøre. Slike detaljerte terrengdata av havbotnen innanfor 12 nautiske mil av kystlinja er vanlegvis rekna som klassifisert informasjon av forsvaret. Frigjevinga av dette store området gjer at vi for første gong kan utforske og vise fram kva vår moderne kartlegging av havbotnen kan nyttast til.

Dei nye marine grunnkarta har svært høg oppløysing og viser detaljar på sjøbotnen som ingen har sett før - til stor nytte for mange ulike brukarar framover. Med tre nye prosjekter i dette området ønskjer Kartverket å heve kunnskapsgrunnlaget ytterlegare. Informasjon om prosjekta finn du her:

Veiviseren

Kontakt oss

Telefon 08.00-15.00
08700
post@kartverket.no
 

Chat