Informasjonskapslar og samtykkje

Ved å hente informasjon og/eller bruke tenestene på kartverket.no og dei andre nettsidene våre (rettikartet.no, seeiendom.no, norgeskart.no, sestedsnavn.no, seplan.no, status.kartverket.no, labs.kartverket.no, ehandel.statkart.no), samtykkjer du i at det blir sett informasjonskapslar i nettlesaren din, i og med at dei fleste nettlesarane er stilt inn slik at dei automatisk aksepterer informasjonskapslar.

Nettsidene våre nyttar informasjonskapslar for å hugse innstillingar og pålogging, samt til bruk for statistikk. Dersom du ikkje vil akseptere at vi nyttar informasjonskapslar, kan du trekkje attende samtykkjet ditt ved å endre innstillingane i nettlesaren. Vi gjer imidlertid merksam på at dette kan føre til at tenestene på nettsidene ikkje vil fungere optimalt.

Sjå på nettvett.no korleis du administrerar informasjonskapslar i nettlesaren din.

Informasjonskapslane vi nyttar

Kartverket nyttar følgjande informasjonskapslar:

På dei fleste nettstadene nyttar vi informasjonskapslane til Google Analytics. Føremålet er webanalyse. Sjå avsnittet om webanalyse nedanfor.

Fleire av publiseringsløysingane våre nyttar informasjonskapselen ASP.NET_SessionId for å betre lesaropplevinga når du til dømes navigerer mellom ulike sider. Ingen personleg eller identifiserande informasjon blir lagra. Informasjonskapselen blir fjerna frå datamaskina når du lukkar nettlesaren.

Labs.kartverket.no nyttar dele-verktøyet addtoany.com som set eigne, tredjeparts informasjonskapslar.

Webanalyse

Kartverket ønskjer at besøkjande på nettsidene våre skal finne det dei er ute etter raskast mogleg. For å klare å lage og vedlikehalde ein brukarretta nettstad, er vi avhengige av å kunne analysere brukarmønsteret til dei som besøkjer oss på nett.

Til hjelp i dette arbeidet nyttar vi analyseverktøyet Google Analytics. Dette nyttar informasjonskapslar som registrerer IP-adressa til brukarane og som gir informasjon om rørslene til dei einskilde brukarane på nettstaden.

Informasjonen frå Google Analytics blir lagra på serverane til Google i USA der han blir handsama i tråd med Googles retningsliner for personvern.

Ei IP-adresse er definert som ei personopplysning fordi ho kan sporast attende til ei bestemt maskinvare og med det til ein enkeltperson. Difor har Kartverket valt å leggje inn eit script (kode) som fjernar dei siste sifra frå IP-adressa før informasjonen blir lagra hjå Google. Det gjer at den lagra IP-adressa ikkje kan nyttast til å identifisere den einskilde brukaren.

Nyhendebrev

Det er mogleg å abonnere på Kartverkets nyhendebrev og meldingar, som blir sende ut via e-post. E-postadressa som ein oppgir når ein melder seg på nyhendebrev/ melding, blir lagra i ein database hjå nyhendebrev-leverandøren vår, Apsis. Ho vil ikkje bli nytta til andre føremål, og vil heller ikkje bli gjort kjend for andre abonnentar. Når abonnementet blir sagt opp, blir e-postadressa sletta.

Del/tips-tenesta

Delingstenesta for nettartiklar på kartverket.no kan nyttast til å vidaresende tips eller dele artiklar frå nettstaden. Opplysningar om deling blir ikkje logga, men blir berre nytta der og då til å leggje inn tipset der du sjølv ynskjer det. Korleis det aktuelle nettsamfunnet handterer data vidare, blir regulert av avtalen din med nettsamfunnet.

Om du nyttar funksjonen til å sende lenke via e-post, nyttar vi berre dei oppgitte e-postadressene til å sende meldinga vidare. Dette skjer automatisk. E-postadressene blir ikkje lagra.

E-post

Hovudregelen etter offentleglova er at offentlege saksdokument er offentlege, slik at alle som spør om det, kan få innsyn i dei. Ein kontakt eller førespurnad til Kartverket vil difor også kunne vere offentleg, anten han kjem i form av brev, telefaks, skjema, e-post eller chat.

E-post som kjem via kartverket.no, blir tatt imot av postmottaket vårt som tar stilling til om han skal journalførast eller ikkje. Dersom e-posten skal journalførast, blir han overført til journalsystemet vårt. Vi fører ein offentleg journal over all utgåande og innkomande korrespondanse, der namnet til avsendaren og mottakaren, datoen på dokumentet og ei kort oppsummering av dokumentinnhaldet vanlegvis kjem fram. E-post blir her handtert på same måte som innkomne brev.

E-post har visse tryggingsmessige utfordringar, og vi oppfordrar deg til ikkje å sende teiepliktige, sensitive eller andre fortrulige opplysningar via e-post.

Chat (nettprat)

Når du chattar med kundesenteret vårt, må du oppgi ei gyldig e-postadresse. Denne blir saman med dialogen (chatten) lagra hjå chat-leverandøren vår, eDialog24, slik at du kan få tilsend kopi av dialogen, samt til arkiverings- og oppfølgjingsføremål i Kartverket.

Rutinane og reglane for behandling av chat-dialog er dei same som for e-post (sjå avsnittet ovanfor).

Skjema

Data som du fyller inn i ulike skjema for påmelding, bestilling m.m. på kartverket.no, vil ikkje bli nytta til andre føremål. Dette blir oppbevart på serverane til Kartverket til dei blir vurdert for journal- og arkivsystem.

Meir informasjon

Ønskjer du meir informasjon eller har spørsmål om informasjonskapslar og personvern på nett, kan du kontakte nettredaksjonen i Kartverket: info@kartverket.no eller telefon 08700.