Norges Sjøkartverk blei  etablert i 1932, og har sidan 1986 vore ein divisjon i Kartverket. Divisjonen har 140 tilsette og held til i Stavanger.

Offisielle sjøkart

Kartverket sin sjødivisjon er den einaste autoriserte produsenten av offisielle sjøkart i Noreg, og fartøy over en viss storleik pliktar å bruke desse karta. I tillegg til det kartografiske arbeidet er sjødivisjonen også ansvarleg for skildringar av farvatn og for informasjon om tidevatn og havstraumar.

Sikker seglas

Kartverket legg til rette for sikker og effektiv seglas i norske kyst- og havområde. Sjødivisjonen utfører oppgåva ved å samle inn, forvalte, arbeide vidare med og gjere tilgjengeleg offisiell maritim informasjon til ei rekke brukargrupper.

Kartlegg økosystemet

Sjølv om trygg navigasjon langs kysten har høgste prioritet, blir djupnedatabasen til sjødivisjonen også nytta til andre føremål, mellom anna kystsoneplanlegging og fiskeriforvalting.

Som leverandør av djupnedata er Kartverket med på å auke kunnskapen om strukturen, verkemåten og tilstanden til det marine økosystemet. Denne kunnskapen dannar grunnlag for arbeidet med å etablere ei berekraftig forvalting av kyst- og havområda i Noreg.

Internasjonale sjøkart

Sjødivisjonen har operatøransvar for den internasjonale sjøkarttenesta Primar, som leverer offisielle elektroniske sjøkart (ENC) til internasjonal skipsfart på vegner av rundt 50 nasjonar.

Kontakt sjødivisjonen i Kartverket

E-post: sjo@kartverket.no

Telefon kundesenter: 08700

Besøksadresse: Professor Olav Hanssens vei 10, 4021 Stavanger

Postadresse: Kartverket sjødivisjonen, postboks 60, 4001 Stavanger

Faktura-adresse: Kartverket sjødivisjonen, Postboks 600 Sentrum, 3507 Hønefoss

Opningstider Kartverket i Stavanger: kl. 8.00 – 15.45

Sjødivisjonen i Kartverket og fylkeskartkontoret i Stavanger held hus på Ullandhaug i Stavanger, adresse Professor Olav Hanssens vei 10.