Siste oppdatering

Referanserammer for Noreg

Geodetiske referanserammer ligg til grunn for all geografisk informasjon; for kart, posisjonering, jordobservasjon og måling av klimaendringar. På denne sida finn du dei aktuelle referanserammene for Noreg.

EUREF 89

EUREF89 er ei regional referanseramme for Eurasia (tektonisk jordplate). Den blei tilgjengeleg i Noreg i 1997 gjennom det vi kallar Stamnettet, som består av ca. 1000 fastmerke i Noregs hovudland. Stamnettet blei seinare fortetta med Landsnettet. Landsnettet består av ca. 11 000 punkt, og blei fullført i 2008.

EUREF89 er etablert for å erstatte dei tidlegare referanserammene NGO1948 og ED50. Koordinatane blir uttrykte som kartplankoordinatar, N (nord) og E (aust), i ein spesiell Merkatorprojeksjon som blir kalla UTM (Universal Transversal Mercator).

M711 Nasjonal beredskapskart bruker EUREF89 som referanseramme.

EUREF89 er frå 2009 tatt i bruk i alle kommunane i landet til kartlegging og anna stadfesting av data.

ITRF - International Terrestrial Reference Frame

ITRF er ei global referanseramme som blir gjeven ut av International Earth Rotation Service (IERS).

ITRF referanserammer blir realiserte ved at målingar frå permanente GNSS-stasjonar over heile jorda blir brukt til å rekne ut koordinatar i stasjonane. I tillegg må ein nytte VLBI (Very Long Base Interferometry) og SLR (Satellite Laser Ranging).

Kartverket bidreg i arbeidet med sin VLBI-stasjon i Ny-Ålesund, og fleire permanente GNSS-stasjonar. IERS har realisert referanserammer sidan 1988.

Den siste realiseringa av ITRF heiter ITRF2014. Forskjellen mellom dei ulike ITRF-realiseringane ligg i centimeterområdet. Koordinatane blir uttrykte i geosentriske koordinatar X,Y, Z. På grunn av forskjellige geofysiske prosessar er alle punkt på jorda i rørsle sett i forhold til ei global referanseramme. Ei global referanseramme må difor, i tillegg til koordinatar, også gje verdiar for tektoniske hastigheiter for stasjonen, Vx, Vy,Vz..

WGS84

WGS84 er ei referanseramme som blir gjeven ut av NIMA (National Imagery and Mapping Agency), ein organisasjon under Forsvarsdepartementet i USA.

Forskjellen mellom WGS84 og ITRF er i cm-området. GNSS-systemet gjev koordinatar i WGS84. Det blir realisert nye WGS84 referanserammer som for ITRF, men referanserammenamnet, WGS84, blir ikkje endra.

Alle norske sjøkart har WGS84 gradnett (datum).

NN2000 - vertikal referanseramme / høgdegrunnlag

Kartverket har i åra 2011 til 2018 innført eit nytt høgdesystem, NN2000, som har erstatta NN1954. Alle målingar som blir brukte til å realisere systemet, er korrigert til år 2000. Det tyder at all landheving framover blir korrigert med moderne utrekningsteknologi (landhevingsmodell).

Tidlegare referanserammer

NGO1948: NGO1948 er ei lokal referanseramme (geodetisk datum) for Noreg som ikkje lenger er i bruk. Ho er no erstatta av EUREF89. Økonomiske kartseriar (målestokk 1 : 5000 og 1 : 10000) brukte denne referanseramma.

ED50: ED50: ED50 er ei regional referanseramme (geodetisk datum) som dekker Europa. ED50 har vore tilgjengeleg sidan 1950, og Noregs hovudkartserie i målestokk 1:50 000/M711 brukte tidlegare denne referanseramma. No blir serien gjeven ut under namnet M711 Nasjonalt beredskapskart med referanseramme EUREF89.

Del