Prosjektet som den russiske vitskapsmannen tok initiativ til og som gjekk føre seg frå 1816 til 1855, er seinare blitt ståande som eit arbeid utan sidestykke i oppmålingshistoria. Det blei også starten på organisert, internasjonalt samarbeid innanfor geodesi og oppmåling for å nå felles vitskaplege mål.

Resultata frå Struves oppmåling gav eit vesentleg bidrag til den geodetiske forskinga. Data frå Struves meridianboge har saman med data frå andre meridianbogar danna grunnlag for kart og oppmåling i dei fleste landa i Vest-Europa heilt fram til satellitt-teknologien tok over i 1970-åra.

På 2000-talet gjekk dei ti landa som er involverte i meridianbogen, saman om å verne 34 målepunkt som framleis er intakte. I 2005 blei Struves meridianboge tatt inn på den prestisjetunge verdsarvlista til UNESCO.

Viktig del av norsk oppmålingshistorie

Struves meridianboge er også ein viktig del av norsk oppmålingshistorie. Fire av dei verna målepunkta ligg i Noreg: Meridianstøtta på Fuglenes i Hammerfest, fjelltoppen Lille-Raipas / Unna Ráipásaš i Alta, fjelltoppen Luvddiidčohkka (Lodiken) i Kautokeino og fjelltoppen Bealjášvárri / Muvravárri i Kautokeino.

Struves meridianboge var, så vidt vi veit, det første internasjonale prosjektet Noreg som nasjon tok del i. Både konge, regjering og storting var involverte og støtta prosjektet, som i Noreg blei leia av Christopher Hansteen (1784–1873), dåverande direktør i Norges geografiske oppmåling (i dag Kartverket), professor i astronomi og leiar for Christiania Observatorium. To offiserar utførte sjølve feltarbeidet med å finne eigna målepunkt og utføre målingar.

Oppdaga meridianbogen i Noreg på nytt

Mellom 1999 og 2013 blei alle 15 norske hovudpunkt i meridianbogen funne att, i tillegg til alle dei åtte hjelpepunkta på den norske delen.

Geodet Bjørn Geirr Harsson, som har vore tilsett i Kartverket sidan 1968, har vore sentral i dette arbeidet. Han har skrive og fortalt om arbeidet i ei rekkje føredrag nasjonalt og internasjonalt, og han har forfatta tre fagartiklar om ulike sider ved Struves meridianboge som vi kan presentere her på kartverket.no:

Bakgrunnen for Struves meridianboge

Landmåling blei utover på 1700- og 1800-talet stadig viktigare i samfunnet, der krav til presisjon i oppmålinga blei stadig høgare.

Ei av mange utfordringar var at ein ikkje visste den nøyaktige forma på jorda - kor flattrykt jorda var ved polane. Denne uvissa gjorde det vanskeleg å lage nøyaktige nok kart.

Ideen bak oppmålingsprosjektet som Struve leia, var som følgjer:

Ved å utføre målingar i ei kjede av trekantar fra sør til nord langs ein meridian, kunne ein få eit grunnlag for å rekne ut den fysiske lengden av en bogegrad. Når ein i tillegg gjorde astronomiske observasjonar omtrent med ein grads mellomrom, ville det være mogleg å rekne ut den fysiske lengda av ein bogegrad langs meridianen.

Ved å gjenta dette måleopplegget på fleire stader og få fleire oppmålingsrekkjer, kunne ein rekne ut kor flattrykt jorda var ved polane og radius ved ekvator. Sidan jorda er litt flattrykt ved polane, vil lengda av bogegraden langs meridianen vere litt kortare ved ekvator enn ved polane.

Slike målingar langs ein meridian blir kalla gradmåling. Gradmålingsrekkja til Struve strekte seg frå Ismail ved Svartehavet i sør til Fuglenes i Hammerfest og er den lengste gradmålingsrekkja som er målt fram til vår tid. Den viste at ein boge tilsvarande ein grad langs meridianen er 425 meter kortare ved Svartehavet enn ved Norskehavet (359 meter rekna ut frå jordmodellen den gongen).