Dei eldste kjende karta er bevarte på babylonske leirtavler frå år 2300 før Kristus.
Kartverket sine samlingar og arkiv inneheld mange tusen kart, både topografiske, men også tematiske kart. Døme er dei detaljerte milekarta i 1 : 10 000, amtskart i 1 : 200 000 frå 1800-talet, rektangelmålingar i 1 : 10 000 til 1 : 100 000 frå store delar av 1800-talet, gradteigskart frå 1870–1950, Norge 1 : 50 000 og økonomisk kartverk (ØK) i målestokk 1 : 5 000. Les om desse i artikkelen vår om Kartverkets historiske arkiv. 

Her viser vi nokre kartutsnitt frå Jotunheimområdet med utviklinga av kartografien frå 1840-åra og fram til 2000-talet.

Rektangelmåling 1841-1842

Utsnitt frå rektangelmåling frå den første kartlegginga av Jotunheimen. Kartmålaren, løytnant general Harald Nicolai Storm Wergeland, var fetter og fosterbror til Henrik Wergeland. Han tenestegjorde ved Norges geografiske oppmåling i perioden 1840–1845.

Utsnitt fra Qvadratmilekart fra Jotunheimens

Jotunheimen 1849

Det trykte amtskartet over Kristians amt (Oppland) i målestokk 1 : 200 000, var laga i koparstikk. Amtskartet var eit resultat av bl.a. målingane til Harald Wergeland.

kartutsnitt fra Jotunheimen 1849.

Jotunfjeldene med Omgivelser, 1879

I 1879 fekk Den Norske Turistforening gjeve ut dette kartet basert på dei nyaste målingane frå NGO. Teikninga blei utført av rittmeister Hans Knagenhjelm Gill, som var fast krokør og designatør
(kartteiknar) ved NGO.

I diktet «Fjellstaven min» utgjeve 1862, bruker Aasmund Olavsson Vinje første gong namnet Jotunheimen, men først utover i 1880-åra blei namnet vanleg.

Målestokk 1 : 150 000. Utgjeve i Kristiania 1879

Jotunfjellene med omgivelser fra 1879

Rektangelkart Bygdin 1880

Store delar av sentrale Jotunheimen blei kartlagd for andre gong i 1870-åra og i 1887. Kartet blei utgjeve av Norges geografiske oppmåling i 1891.

Heliogravyre etter teikning av kaptein Solem. Fjelltonen er litografert av Johan Nordhagen, som arbeidde ved Norges geografiske oppmåling 1878–98.

Siste opplag av kartet blei trykt i 1937. Målestokk 1 : 100 000

Rektangelkart over Bygdin 1880

Jotunheimen 1910 (1917)

Ved bidrag frå Den Norske Turistforening utarbeidde Finn Kross, som var kaptein og topograf ved oppmålinga, eit relieff i målestokk 1 : 250 000, litografert og trykt av Kümmerly & Frey i Bern, Sveits.
Ved hjelp av skyggelegging fekk kartet ein tredimensjonal verknad. Det var godt leseleg og blei svært populært. Første utgåve kom i 1910, den siste i 1942. Forlagt av H. Aschehoug & Co. i Kristiania.

Kartutsnitt fra kart over Jotunheimen fra 1910

Aust-Jotunheimen 1933

Aust-Jotunheimen i målestokk 1 : 50 000, ekvidistanse 30 meter.  Kartet er ein direkte reproduksjon av originalkartet som blei oppmålt i 1931–1932 og utgjeve av Norges geografiske oppmåling i 1933. Ekvidistansen er 30 meter.

Kartutsnitt fra Aust-Jotunheimen fra 1933

Gjende 1938

Gradteigskart Gjende i målestokk 1 : 100 000.  Oppmålt 1871–1934. Utgjeve av Norges geografiske oppmåling i 1938. Ekvidistansen er 30 meter.

kartutsnitt over Gjende fra 1938

Gjende 1981

Gjende, 1617-IV, frå hovudkartserien Norge 1 : 50 000,utgjeve av Norges geografiske oppmåling i 1981. Ekvidistansen er 20 meter.

kartutsnitt over Gjende fra 1981

Gjende 2007

Ny utgjeving av Gjende, 1617-4, frå hovudkartserien Norge 1 : 50 000, utgjeve av Statens kartverk 2007. Ekvidistansen er 20 meter.

kartutsnitt over Gjende fra 2007